mandag 3. mai 2010

Johan

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Boka ”Johan” var debutboka til Gaute M. Sortland, og gjeve ut av Det norske Samlaget i 2009. Johan kjem tilbake frå ein helt vanleg tur med båten på havet saman med sin bestevenn Iver. Når han kjem 10 min for seint tilbake, finn han lislesystera drukna på sandbotnen. Ein dag må han kjempe for sitt eige liv. Det er ein gripande bok av Gaute M. Sortland, som gjør at man reflekterer livet meir, og man får et kanskje nytt syn på livet og ein sett meir pris på ens kjære.


Johan er ein helt vanleg ung gut, som les Donald og som framleis er eit barn. Eit barn som må bere på ei sorg som er større enn han sjølv. Han og kameraten, Iver, var ofte ute med båten, men ein dag kom dei for seint tilbake, og Johan ser veslesystera liggje på botn i det dei legg til land. ”Aldri har bileta gått så fort. Søstera som søv nede på sandbotnen.” At vesle systera dør, snur opp ned på livet til ungguten, og Johan legg merke til korleis både foreldra og andre oppfører seg unaturleg og annleis ovanfor han. Det gjer det enda vanskelegare å gløyme tapet og sorga over systera. Ein dag blir hans eige liv plutseleg satt på spel.

”Johan” er ei sterk forteljing om kvardagslivet til Johan, men også dei dramatiske hendingane i ung gutens liv. Romanen er satt opp slik at det vekslar mellom to parallelle historier, den eine er hovudforteljinga, men det bryt inn kursivskrift som er fortid, og det rullar opp frå det som begynnar som ein helt vanleg vår dag i båten, til å ende med at Johan ser vesle systera som ligg på botn av Norskehavet. Forfattaren har skrive i eit enkelt språk, men det er ikkje noko logisk oppbygging av historia, så det kan bli litt vanskeleg å få med seg tidsrommet. Både miljøskildringa og personskildringa er svært bra. Forfattaren skriv slik at det er lett å få med seg miljøet, og ein kan sjå for seg alt i frå Johan sin vinkel.

Sjølv om boka var sterk og gripande, var ho litt kjedelig. Det var mykje tekst som ikkje var noko vits å lese. Det verte mykje som ikkje hadde noko med handlinga å gjere, og eg vil seie at mykje av det var overflødig. Omslaget såg spennande ut, og det gjorde ”samandraget” på bakside også, men det vart meir ein skuffelse når ein begynte å lese. Eg anbefaler boka for folk som liker rolege og djupe bøkar, men boka egnar seg ikkje for folk som likar action og spenning.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar