mandag 3. mai 2010

Vinterhjerte - Glimrande debutroman om sorg

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Boka Vinterhjerte er skrive av Siri M. Kvamme, og det er hennar fyrste roman. Kvamme blei fødd i 1975 og bur i Haugesund. Kvamme har tidlegare skrive kortprosatekstane Raud og frå seg som blei teke svært godt imot. Vinterhjerte viser at ho kan hente fram eit følsamt og vanskeleg tema, og skrive ein roman full av vonde kjensler. Det er ei bok om å miste nokon, for å så miste seg sjølv. Den hjarteskjerande boka er gitt ut i 2008 av Cappelen Damm, og tek opp det vanskelege temaet sorg etter å ha mista eit barn.


Dei fyrste vi møter er det lykkelege ekteparet Endre og Liv, som bur på ein gard ved havet i Nord-Noreg. Dei har to barn, Marte og Markus, og dei ventar nå sitt tredje barn. Ein dag kranglar dei om kven som skal kjøpe margarin til bursdagskaka til Marte som fyller to år. Marte skal skremme foreldra, og gøymer seg bak bilen i det Endre sint ryggar ut. Dette som skulle bli ein hyggeleg bursdag, har nå blitt til eit mareritt som skal prege dei begge for resten av livet. Liv orkar ikkje noko meir nærleik frå Endre, og derfor så søkjer ho erotisk trøst hos Endre sin beste kamerat, Egil.

Boka er skrive slik at ein ser det frå både Liv og hennar syster, Leah, sitt perspektiv. Dette gir boka eit stort løft sidan dei avskyr kvarandre. Liv er storesystera som alltid har fått oppmerksemd, mens Leah alltid har levd i skuggen av si vakre storesyster. Ugifte Leah bur på garden hos Liv og Endre, og ho steller med hestane. Ho brukar å spionere på kva Liv gjer, og det einaste ho ønskjer seg er å kunne ta Liv sin plass. Leah spionerer også på systera sitt erotiske eventyr med Egil, og brukar denne sjansen til å prøve å ta Liv sin plass.

Den dystre boka viser Liv sin kamp mot tilværet, kor depresjonen veks for kvar dag som går, og forholdet til Endre blir etter kvart ikkje til å halde ut. Ho veit at ho ikkje klarar det lengre, og sjølv om ho prøver så godt ho kan, vil det alltid vere der, Mordar Endre. ”Det er hans skuld. Alt saman. MORDAR. TANKELAUS. IDIOT. Skrik det opp att og opp att inne i hovudet mitt. Det er difor det gjer så vondt. Dette skriket som fortsett og fortsett.”

Det beste i heile boka er korleis Kvamme beskriv ekteparet si sorg, og korleis sorga tærer dei opp og gjer at dei ikkje klarar å hjelpe kvarandre. I staden for veks ho og drar dei ifrå kvarandre, og gjer til slutt at nærværet mellom dei to ikkje er uthaldeleg lengre. Vi får også eit godt innblikk i korleis Leah føler seg i skuggen av systera si, og korleis ho legg opp kvardagen for å følgje med på storesystera sitt liv.

Eg synest at boka var veldig bra, og ho tek opp eit utruleg vanskeleg tema som ikkje mange klarar å snakke om utan å bli sentimental. Kvamme skriv så godt at ein føler seg som ein del av ekteparet si sorg, og ein får eit godt innblikk i korleis det å miste eit barn kan snu opp ned på heile kvardagen. Historia er veldig godt skrive med eit fantastisk språk som får fram dei vonde kjenslene både Endre, Liv og Leah slit med. Boka har også nokre element som kunne ha vore litt på kanten, spesielt når det gjeld Liv sitt erotiske eventyr med Egil, viss det ikkje hadde vore for forfattaren sitt imponerande språk. Sorga etter å ha mista eit barn er eit veldig aktuelt tema i dag, og boka viser korleis sorga kan føre til større avstand og større einsemd. ”Eg ryggar tilbake. Vi vekslar to hjelpelause blikk. Sorga veks oss over hovudet. No druknar vi bare meir og meir.”

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar