mandag 3. mai 2010

Ny melding - Barnsleg sms-eventyr

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Magnhild Brunheim blei fødd 17. september i 1951, i Skjåk. Ho er ein norsk frilansjournalist og forfattar som debuterte med krimromanen «Varselet» i 1997. Etter det har ho fortsett å skrive krim for vaksne, men i 2003 prøvde ho seg på noe nytt og gav ut ungdomsromanen «Ny melding», på «Det Norske Samlaget». Dette er hennar fyrste krimroman der ho har unge lesarar som målgruppe og det er derfor ei lettlese bok med få sider. Brunheim er kjend for å skrive bøker med gode tema og svikta ikkje i boken «Ny melding». Også her tek ho opp samfunnsaktuelle tema for ungdom.


Bente er hovudpersonen i Brunheims bok «Ny melding». Ho er ei jente på snart 15 år som bur saman med mora, faren og broren hennar Svein. Bente er ei typisk tenåringsjente som er veldig opptatt av utsjånaden, klede og sminke. Som mange andre jenter i den alderen, føler Bente at foreldra vernar altfor mye om ho, og når ho må vere heime den eine kvelden venninnegjengen skal på kino blir ho ganske sur. Istaden for å vere ute med dei, må ho derfor sende meldingar med venninna si Kari-Marie for å halde seg oppdatert om kva som skjer ute, og det er slik det heile begynner. Kami, som dei kallar ho, fortel at ho sit på bussen på veg heim frå kinoen og utvekslar blikk med ein søt, litt eldre gut. Då Kami skulle gå av sa ho til Bente at ho skulle ringje ho opp igjen, men slik blei det ikkje. Heile natta gikk utan at dei høyrde noe frå ho.

Dagen etter blei både politiet og pressa blanda inn for å finne ho. Utan å få vite noen ting om kor ho oppheldt seg, fekk Bente plutseleg meldingar frå Kami. Er det verkeleg Kami sjølv som sender desse meldingane? Og kvifor får ikkje Bente lov å fortelje noen om det? Ho må rett og slett finne det ut sjølv, og før ho veit ordet av det er ho på ein farleg reise for å finne Kami.

Det finst fleire tema i boka, men det som kanskje er hovudtemaet er det å vere ung. Då er ein både oppteken av gutar, klede og venninner, samtidig som ein kanskje ikkje er heilt moden nok for det ansvaret ein sjølv meiner at ein burde ha. Temaa i denne boka er ganske viktige for ungdom fordi dei viser at ein ikkje kan tru på alle ein snakkar med på nettet og at alle ikkje er den dei kanskje gir seg ut for å vere. Boka kan skape ettertanke hos ungdom, og viser kva som kan skje dersom ein er for naiv i møtet med den vaksne verda. Brunheim har nok ikkje satsa på eit nytt og spennande tema, men vald å bruke ein formel som er velbrukt og som fungerer for målgruppa. Dette har ho også gjort med både språket og miljøet i boka. Språket er lett utan mange framandord, det er levande og det er ungdommeleg med nokre få bannord. Miljøet er lagt til Oslo for det meste av tida og Brunheim beskriv godt venninnegjengen og deira konfliktar. Dette tilsaman gjør at forfattaren har klart å skape ein ungdommeleg stil over heile boka og det gjør at ho får fram bodskapen godt.

Eg synest at «Ny melding» er ei grei bok med litt spenning til tider, men eg synest at forfattaren kunne ha gjort mye meir ut av den. Ho kunne til dømes ha skreve meir spennande, med fleire skildringar og beskrivingar av dei ulike hendingane, og i det heile tatt skrive sjølve boka litt lengre. Temaa er gode, men handlinga blir litt for enkel og litt for barnsleg. Brunheim gjer det heile tida enkelt å forstå kva som kjem til å hende, noe som i alle fall ikkje finnest spennande for elever på vidaregåande skuler. Viss eg skal anbefale den for noen, må det bli for jenter mellom 10-14 år.

Elev i 1STE, 2010

7 kommentarer: