mandag 3. mai 2010

Hår i millioner år - Flir med ei faktabok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


«Hår i millionar år» er skrevi av Erna Osland i år 2000, og blei gitt ut av Samlaget. Boka handlar om hår gjennom millionar av år, frå 1.5 millionar år før Kristus til den dag idag. I boka følgjer me Hildur på 10 år gjennom hennar interesse for hår. Gjennom denne boka vil du le og gispe, alt i ei faktabok.


Når du først tittar på omslaget tenkjer du sikkert at dette må vera ei faktabok. Boka er så mykje meir, den innehald tross alt både fiktive historier, som de om Hildur, og fakta, som kvifor Alexander den store ba alle soldatane sine om å barbere seg. Eigentleg må me sei at boka er sterkt tema-basert. Ho har ikkje eit mål med seg, som ei normal historie har. Historia om lille Hildur er eigenleg ei side historie, kanskje for å gjere ho meir lettlest.

For boka er lettlest, og eg kan ikkje sei at eg har lest ei morosam «faktabok» i heile mitt liv. Erna Osland har fått noe så kvardagsleg og keisamt som hår spennande. Språket er det som gjer boka morosam. Det er lett og flytande, eit slags muntleg språk. Etter å ha lest denne boka må eg sei at indianarane ikkje var så veldig brutale som historia skal ha det til. Du skjønner også kor mykje hår har å sei for menneske, og da pratar eg om hår på heile kroppen.

Du som lurar på kor morosamt og viktig hår kan vere, kan stille deg sjølv nokre få spørsmål. Veit du kvifor indianarane skalperte dei døde som dei drepe? Veit du kvifor dronning Hatshepsut måtte gå med lausskjegg? Og kanskje det aller viktigaste, hadde Norge blitt eit kongerike under Harald Hårfagre dersom han ikkje hadde hatt det håret han hadde?

Eg anbefale denne boka til alle saman, både store og små. Boka er morosam, underhaldande, og ikkje minst lærerik. Viss du vil ha ei god og lettlest faktabok om hår, da er dette boka for deg.



Hans-Kristian Hartvig

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar