mandag 3. mai 2010

Definitivt Hjerter Ess

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

«Definitivt Hjerter Ess» er ein roadtrip-roman skrive av Atle Hansen. Han blei gitt ut i 2009 på Baskerville Forlag.

Boka startar med at Tommi og Tore, to gutar tidleg i tjue-åra, drar ut på ein liten turne på vestlandet for å gjere innbrot. Tommi er ein avslappa livsnytar som tar ting som dei kommer, og det er han som er initiativtakaren av dei to. Tore, derimot, er ein depressiv, tagal og pessimistisk type som nett har blitt dumpa, og prøvar å drikke vekk problema sine.

Dei to stel ein bil i ein bygd, og drar vidare til Haugesund, der dei blir skyldige i uaktsamt drap under eit innbrot hos ei gammal dame. Her møter dei også to jenter, Laura og Birgitte, som også er ute på tur og prøver lykka. Tore og Tommi stikker av i frykt for politiet, og jentene finn ut at dei skal dra til ein dragspelfestival i Seljord, dit gutane også er på veg.. Undervegs møter dei ein trailersjåfør, og han skal dei møte igjen ein anna gang.

Uten å avsløre for mye, kan eg si at det hele ender med ein knallavslutning.

Etter min meining, er «Definitivt Hjerter Ess» ein relativt godt skrevet bok. Språket er røft og fargerikt, og forfattaren får godt frem kor grov og lite intellektuell den macho trailerkulturen til hovudpersonane er. Boka er strukturert som fleire små separate historier, kvart avsnitt følgjer kvar sine personar, slik at vi får hele historia etter å ha lest alle dei små. Denne strukturen gjer også at boka blir litt rotete, uten tydelige kapitel osv. Atle Hansen har også latt kronologien ligge igjen heime, så dei små historiene kommer hulter til bulter gjennom boka. Men siden avsnitta er så korte, ofte bare eit par sider, blir boka lettlest og har bra flyt likevel. Det einaste negative eg kan sette fingeren på, er at forfattaren har ein tendens til å bli litt oppslukt i dialogane. Vi får ofte fleire sider samanhengande rølpete slarveprat, og det blir fort litt langt.

Men alt i alt er dette ein underhaldande og ungdommelig roman, som vil vere spesielt interessant for fan av road-tripsjangeren. Ein litt over gjennomsnittleg god bok.

Av Petter B. Fjeld

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar