mandag 3. mai 2010

Rebell - Heilt greit frå Øglænd

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

 
Romanen «Rebell» er skrive av Finn Øglænd. Han voks opp ved Tananger i Stavanger. Øglænd blei født 7. oktober 1957 i Stavanger. Han er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Øglænd har skrive fleire ungdomsbøker, Rebell er også ei ungdomsbok. Boka blei utgitt av Det Norske Samlaget i 2003. Boka tar opp aktuelle tema som det å finne seg sjølv og kjærleik. Øglænd har gitt ut fleire bøker med liknande tema. Hovudhandlinga i Rebell er ein gut som må ta eit val som kan påverke resten av livet hans.


Rebell handlar om ein gut frå Stavanger som heiter Alex og som er 15 år gamal. Han føler seg ikkje heime der han bur, og han omtaler seg sjølv som ein rebell. Han bur i lag med mora si og han har aldri kjent faren sin. Det einaste han har igjen frå faren er noen gamle LP´ar og noen bilde. Alex er ikkje flink på skulen, men det bryr han seg ikkje om. Han trur også at alle på skulen ser på han som ein tapar, ein «nobody,» som han seier sjølv. Han er desperat, han vil ha ei jente han kan vere med. Han snakkar med ei jente på MSN, ho er også desperat og likar same musikk som Alex. Han likar berre ei jente på skulen og det er Silje som han pleier å skrive av leksene til. Alex er lei av alle, han er lei av mora, han hatar pappagutar og han er lei av Stavanger. Ein dag bestemmer han seg for å møte jenta han har snakka med på MSN, dei skal rømme saman. Han finn ut at han elskar Silje og at han alltid har gjort det. Reisa for å finne seg sjølv og for å finne ein stad han høyrer heime er lang og han møter på fleire problem med dei to jentene.

Eg meiner temaet i boka er å vekse opp fordi Alex opplever nye ting og nye erfaringar på reisa for å finne seg sjølv.

Rebell er ei lettlest bok på grunn av det enkle språket. Det er ein ganske kort bok på 135 sider og med ganske stor skrift. Språket er også veldig munnleg med mange dialogar og tankereferat. Det er også eit veldig ungdommeleg språk som inkluderer banning og slang. Miljø, kjensler og tankar er skildra ganske bra og det skapar eit truverdig bilde av kva som skjer og kva for ein måte det skjer på. Det er ei ganske dyster historie som står i samsvar med skildringane. Forfattaren skriv på ein måte som gjer meg litt forvirra slik at eg syns det er litt vanskeleg å vite kva som skjer og når. Øglænd hoppar ofte mellom tankar og dialog noe som også gjer det litt vanskeleg å følgje med heile tida.

Alt i alt syns eg boka Rebell var ei heilt grei ungdomsbok, men eg blei likevel litt skuffa. Eg trudde boka skulle vere ei typisk kjærleiksforteljing med bare fryd og gammen, men ho var i grunn ganske dyster. Eg syns historia var heilt grei, men eg sakna meir kjærleik fordi eg likar å bli glad når eg les, noe eg ikkje blei. Eg vil likevel anbefale boka til ungdom som likar litt spesielle kjærleiksforteljingar og som likar lettleste bøker.

Skrive av Caroline S. Gylvik

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar