mandag 3. mai 2010

Bokomtale av Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

 
Sagaen om Gunnlaug Ormstunge er ein Islendingesaga frå rundt år 900 e.Kr. Forfattaren er ukjent, men vi veit at den blei skrive ned rundt år 1200 e.Kr. Før dette var den berre fortalt som ei vandrehistorie, noko som gjer at den kan ha forandra seg litt. Det var rundt 930 at Island begynte å bli litt befolka frå Noreg, altså omtrent når sagaen blei oppretta. I fylgje Peter Hallberg er desse sagaene det einaste samla originale bidraget Noreg har gitt til verdslitteraturen.


Sagaen handlar om Gunnlaug, ein ung mann frå Island, som er ustyrteleg forelska i den fagre Helga. Ei stund uti historia dreg Gunnlaug ut på havet, på eventyr. Han reiser rundt i Norden og blir kjend med kongar og jarlar. Han blir ein stor krigar og kjempar mange store og små kampar.

På den tida var Island bygd opp på grunnlag av ætter, altså slektar. Kva slekt du blei fødd i var veldig viktig både for velstanden, statusen din og for kva sosiale grupper du hamna opp i. Sagaene illustrerer veldig godt kor viktig dette med ætter var på den tida.

Gunnlaug er heilt klar helten i sagaen, han er viljesterk, modig og seier akkurat det han meiner. Han gir aldri opp og slost for æra si. Ravn derimot, er meir sleip, utspekulert og vil ha hemn, noko vi ser eksempel på fleire gongerr. Helga er vakker, uskyldig og symboliserer kjærleik i sagaen. Gunnlaug og Ravn blir etterkvart erkefiendar og skyr ingen midlar for å skade den andre.

Temaa i sagaen er ulykkeleg kjærleik og lengsel. Eg vil seie at sagaen er ei kjærleikshistorie. Det store målet gjennom heile historia er for Gunnlaug å gifte seg med kvinna han elskar. Det er kjærleik som vil vare for alltid, sjølv om den var ulykkeleg.

Heile sagaen er skriven veldig kortfatta, det er nesten ikkje brukt skildring. Det blir fortalt veldig mye på få linjer. Du får ikkje noko større innsikt om det som hender, du blir berre fortald kort og kjenslelaust kva som hender. Noko som gjer at dei har fått med veldig mye handling på berre 40 sider.

Eg liker faktisk sagaen veldig godt, den gjekk fort å lese og var veldig spennande. Når du lesaren blir du i godt humør og føler deg bra. Eg anbefaler den derfor på det sterkaste.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar