mandag 3. mai 2010

Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine - Søt romantikk i ei koselig bok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


”Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine” er ein barne- og ungdomsroman skrive av Rune Belsvik. Han er kjent for barnebøker som tar opp kjærleik og forelsking, og «Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine» er ei av dei bøkene som tek opp desse temaa. Boka ble gitt ut i 1987 av Det Norske Samlaget og handlar om den lille øya Vindholmen og dei som bur der. På Vindholmen blæs det kraftig, og korps er ein viktig del av kvardagen. Kva skjer når korpset skal ut i sterk vind med dei gamle, slitne uniformene sine og jamvel ein kjendis skal sjå på?


Krystall Evenes er ei kjend amerikansk skodespelarinne som spelar i ein såpeserie som heiter ”Djupt inn i augene”. Alle på Vindholmen følgjer med på denne serien, og dei har flytta korpsøvinga frå onsdagen fordi serien går denne dagen. Krystall er lei av å smile og vil aller helst bort frå heile innspelinga av ”Djupt inn i augene”, og ein dag klarar ho ikkje å smile eit einaste smil til. Krystall er lei! Ho er lei av at livet hennar skal sjå ut som ein dans på roser sjøl om det eigentlig ikkje er det.

Vindholmen Hornmusikkorps treng pengar til nye uniformer og det er her Krystall Evenes kjem inn i bildet. Planen er nemleg at dirigenten i korpset, Holger Furu, skal sende eit brev til Krystall der han seier at han er i slekt med ho og at den første Evenes ein gong rodde i land på Vindholmen. Det er nemleg på denne tida blitt så populært med å finne røtene sine, og Krystall føler seg rotlaus.

For å skaffe pengar vil dei at Krystall Evenes skal synga ”Alle fuglar små dei er” på bingoen. Da vil folk betala mykje meir enn vanleg for å komme inn på bingoen. Om denne planen lykkast, må du nesten lese boka for å finne ut.

Det er mykje om venskap, familie og kjærleik i boka. Det var ei fin leserøynsle synes eg. Medan eg las tenkte eg ikkje over at boka var så bra, fordi ho var litt kjedelig til tider, men når eg tenkjer på det i etterkant var boka særs koseleg og fin. Det var ein litt snål humor i boka, men eg måtte flire litt innimellom. Språket i boka er lett å forstå, og ho er ganske lettlest og kort. Eg veit ikkje så mykje om andre tekstar av forfattaren, men eg vil anbefale denne boka til dei som likar koselege kjærleiksromanar og som gjerne vil ha noko litt annleis.


Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar