Viser innlegg med etiketten Elevbokomtaler - nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Elevbokomtaler - nynorsk. Vis alle innlegg

mandag 3. mai 2010

Alle dei fine jentene - Ei lettlest ungdomsbok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Eg har no lest boka Alle dei fine jentene, ein kjærleiksroman for ungdom. Boka er skrevet av Rune Belsvik og ble utgitt av Det Norske Samlaget i år 1988.


Boka er ein del av ein lettleist bokserie kald Sirius ungdom, som Det Norske Samlaget står for. Desse bøkene er for barn og ungdom i alderen 10-15 år, bøkene er korte og språket er enkelt å lese. I bokserien Sirius finn vi bøker både på bokmål og nynorsk.

Eg vil seie at temaet i boka er aktuelt for ungdom som går på ungdomsskulen. Det er då man verkeleg begynner å utforske det motsatte kjøn.

Boka handlar om ein gut som heiter Arne Bu, han går og undre om livet hans nokon gong skal ta til, og når dei trøytte dagane skal gå over.

Men når Arne og kameraten får seg kjerester, blir livet fort eit anna. Det er mye nytt som skal prøvast ut, og følelsane løp fort løpsk!

Vi får ikkje vite kor gammal Arne er, men eg vil tippe han er ca. 15 år gamal. Og når ein er 15 år, så er det ikkje så lett å halde seg til ei jente som bare vil kysse. Rune treng meir og han lagar eit stort rot for seg sjølv.

Dette er ei bok ungdom kan kjenne seg igjen i, det er kjærleiksproblemer og plagsame foreldre.

Eg likte temaet i boka, sjølv om det er ei gamal bok virker ikkje innhaldet for gamaldags. Tema er heilt klart kjærleik, det kjem klart og tydeleg frem.

Rune Belsvik skriv på ein veldig enkel og fin måte. Det er fleire korte avsnitt gjennom heile boka, kapitalene føles nesten som sceneskifte, dei er korte, og det er fort eit skifte frå stad og tid. På grunn av dette skjer det alltid noko nytt, og boka blir ikkje kjedeleg, tvert imot. Boka er spennande, og går veldig fort å lese.

Rune Belsvik beskriv miljøet i boka godt, så ein lett kan sjå det for seg. Det vi kanskje får høyre mest om er korleis alle dei fine jentene ser ut.

Elev i 1STE 2010

Andvake – Vakkert og intenst

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

Andvake er forteljinga om det unge paret Asle og Alida. Asle er foreldrelaus og Alida er ei høggravid, uønska dotter, faren har ho ikkje sett sidan ho var tre. På grunn av disse omstendighetene vel dei å dra bort frå Dylgja, og prøva å skaffe seg ein stad å bo i Bjørgvin. Alt dei eig bær dei med seg i to byltar og ein handfull varme minner heimefrå er alt dei har tatt med seg frå Dylgja, og no skal dei starta eit nytt og betre liv i Bjørgvin.

Boka likner veldig på juleevangeliet, for i Bjørgvin er det ingen som vil gje Asle og Alida ein plass å bu. Dei vandrar rundt i Bjørgvins grå og regnfulle gater til langt på kveld og tilslutt må dei ty til nokså drastiske handlingar og val.

Andvake, tittelen på boka, betyr noko sånt som søvnløyseheit, og det er akkurat kva Asle og Alida går igjennom. Ei reise med lite søvn og vanskelige og umoralske val dei to må ta.

Boka er skrevet på eit vakkert men samtidig tunglest og ikkje akkurat eit kvardagsleg språk. Teksten eige ikkje punktum og man blir andpusten og sliten av å lese han, men samtidig vil ein ikkje legge frå seg boka. Gjennom dei omlag sytti sidene trekker man nesten ikkje pusten, og vi blir dratt inn i drømmane til Asle og Alida frå før dei møttes og til no, der dei går frå dør til dør. Dei prøver heile tia å overbevise kvarandre om at alt kommer til å gå bra, og sjølvom boka endar med eit nytt håp får ein ein fornemning om at framtida kjem til å bli like hard og vanskeleg som fortida.

Temaet i denne boken er kjærleik, og Jon Fosse har skreve ein rekke andre bøker med same tema, noe han er ein ekspert på. Han skriver så intenst og vakkert;

No har dei klart å koma seg til Bjørgvin og no skal deira liv byrja og han ser Alida reisa seg opp og ho står veldig der i framskuten og Asle kjenner at slik han er laga, så er ikkje han sjølv så viktig, det er det store svevet som er viktig, det har spelinga lært han, og det er vel spelemanns lagnad å vita slikt, og for han er det store svevet Alida.

Eg syns boka var fin, sjølvom den var tunglest og litt vanskelig i språket var det ein kjempefin forteljing. Lengden på boka, dei 70 sidane han varte, var akkurat passe, og den var absolutt ikkje for kort. Andvake er verkeleg verdt å få med seg, det er ein trist bok, men på same tid ein vakker skildring av to mennesker som elsker kverandre til døden , ein fantastisk blanding av kjærleik og død.

Elev i 1STE, 2010

Bibelen 2 - Kritisk, ironisk og kristent frå Kalvø

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Bibelen 2 er skrive av Are Kalvø (f. 1969). Medverkande i form av teikningar er Steffen Kverneland (f. 1963). Boka blei gitt ut av Samlaget i 2002 på nynorsk. Bibelen 2 er ein humoristisk roman, sett til år 2000. Dette vil seie ca. 2000 år etter Jesu fødsel, noko som gjer hovudpersonen omlag 2000 år gammal. Bibelen 2 er ei fiksjonsbok, som tar opp eit samfunnsaktuelt tema.

Boka startar med at Jesus, absurd nok, plutseleg dukkar opp på Triaden i Lørenskog, iført kvit kjortel og sandalar. Han har kome for å gjere det som Jesus pleier å gjere, nemlig frelse. Men sin gamle måte å snakke på, og bildebruken han har, gjer ikkje det den oppgåva enkel. Han prøver å tilpasse seg sjølv, og samtidig vere ein tilgjengeleg Messias. Dette fører til at han stiller opp på omtrent kvart einaste tv-program som Noreg har å by på. Slik oppstår det ein del komiske situasjonar, som Kalvø skildrar på ein god og humoristisk måte. Litt seinare skaffar han seg 12 disiplar, som består av nokre medlemmar av MissionandValues, resepsjonisten som var den første han møtte, og nokre andre frå «den avgjerande februardagen». Dette skaper ein del kaos, misnøgd, og selvfølgeleg komiske situasjonar. Dei fleste organisasjonar vil gjerne ha ein representant.

Rockebandet «Tollarar og syndarar» blir danna innanfor disiplane sin krets, inkludert Jesus. Mange meiner på grunn av dette, at det ikkje er den rette Jesus, og at dei går imot alt som kyrkja står for. Etter alt kaoset vel Jesus å gå heim til far sin, for å sitje ved hans høgre hand igjen.

Boka inneheld 2 testament, apostlane sine gjerningar, og ei lita oppsummering av kva som har hendt i bibelen versjon 1. Kvart av dei store kapitalane er delt opp i mange ulike evangelium og nokre forteljingar. Difor fins det ikkje ei tydeleg forteljarstemme, men mange forskjellege. Dei fleste er skrive tredjeperson. Vi får høyre historia frå forskjellege synspunkt, blant anna frå resepsjonisten, som var der den avgjerande februardagen. Dette får boka til å bli komisk, fordi vi ser korleis vanlege folk reagerer på dette. For det meste er boka skrive som om den var ei seriøs og truverdig skildring av Jesu sin opptreden på Lørenskog.

Media spelar ei stor rolle i denne perioden, siden det er den einaste måten Jesus får kontakt med folket på, for å prøve å spre bodskapen sin.

Eit anna viktig tema i boka er dagens syn på kristendomen. Når Kristus kjem til Noreg, var dei kristne heilt annleis enn korleis dei var før. Den største motstanden møtte han i den kristne kyrkja, og det kristne samfunnet, noko som er veldig paradoksalt. Men likevel trur eg at det kunne hende i verkelegheita. Folk er meir opptatt av å vere «gode» kristne, enn å sjå Gud i kvardagen.

Alt i alt syns eg boka var bra skrive, men handlinga blei litt for søkt. Til tross for det ville eg anbefalt boka, fordi den har eit viktig bodskap, og eg trur at dei fleste vil like boka.


Elev i 1STE, 2010

Bikubesong - Utrolige fortellinger!

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Bikubesong er skrevet av Frode Grytten. Han er født i 1960 og debuterte som lyriker i 1983. Boka ble gitt ut i 1999 på Det Norske Samelaget. Han har mottatt Brageprisen for romanen. Bikubesong er en novellistisk roman, som vil si at den har flere fortellinger i en bok. Boka inneholder 25 novellefortellinger. Boka har 320 sider. Siden bikubesong har mange fortellinger, så har vær fortellingen sin eget tema. Fortellingen skjer i industribyen Odda i Hordaland og det er det eneste de har til felles.


Det er mange spennende fortellinger i boka. Mange av dem har morsomme navn som fitte-tyven, Popgsangar og Monster. Den beste fortellingen er om fitte—tyven som bare går rundt å forfører kvinner spesielt kvinner som er gift. Det fører til forandringer i livene til folk han er med. Popsangar handler om to personer som bor sammen . Den ene personen den sover og drømmer om noe fryktelig galt. Han drømmer at han blir forfulgt av noen mens han kjører bilen sin, noe som fører til at han kjører ut og drukner. Det store problemet er at når han våkner, finner han ut at livet hans er snudd opp ned. Fortellingen Monster handler om en som nettopp har fått en unge, men problemet er at det er ikke hans lykkeligste eller den største dagen i hans liv.

Jeg likte denne boka, men jeg tror jeg ville ha likt den enda bedre hvis den hadde vært på bokmål.

Jeg hadde problemer med å forstå noen av ordene til og med setningene, fordi jeg hopet ut av rytmen på grunn av sidemål. Det jeg også ikke likte var at siden fortellingene var så korte, skulle man prøve å bruke hver eneste setning på å beskrive ting. Det ble litt tungt inne mellom.

Det var ikke bare negative ting med boka, den hadde et klengende navn. Mange fortellinger, men med forskjellige temaer og det var nok det beste med denne boka her. Det var mange spennende og utrolige fortellinger som fikk meg til å ville lese enda mer.

Det var en passe lengde på boka.


Elev i 1STE, 2010

Fantasi uten grenser

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Frode Grytten i samarbeid med Det Norske Samlaget, gav i 2001 ut ei 300-siders bok. Boka Bikubesong er ei bok skrevet på typisk Grytten-form. Sjeldan kan ein lesa ei bok med så mye fantasi, i frå perm til perm.


Grytten tar opp samfunns-aktuelle temaer som kroppen, kjærleik, samfunn, venskap og kunnskap. Det meste forfattaren har skrevet tar utaganspunkt i Odda i Hardanger, også denne. Odda er også plassen der Frode Grytten vokste opp.

Boka er bygd opp av enkelthistoriar med spesielle personligheiter som bur i det Grytten kallar Murboligen. Ei av historiene handlar om ei dame lokalbefolkninga kallar «Prinsessa av Burundi». Ho bur i murboligen og er kjempetjukk. Kallenamnet kom frå ein av naboane som hadde ein gullfisk som åt og åt uansett kor mykje mat den fekk. Den blei aldri mett. Det same var det med Prinsessa, ho blei aldri mett. I tillegg jobba ho på gatekjøkkene Hamburger Heaven, så det blei mykje usunn mat. Ein dag kom det ein bosninsk flykning ved namn Adam Bodor. Han opna raskt Påfuglen Kafé, og han forelska seg med det same i den runde Prinsessa på burgersjappa. Da omsider Prinsessa hadde fått nok sjølvtillit til å be han heim på ein date, mista ho den da ho skulle kle av seg. Adam sa han likte ho som ho var, men ho stolte ikkje på han. Det gjekk lang tid før dei snakka saman igjen. Adam på si side elska henne høgt og prøvde så godt han kunne å holde kontakten. Da det blei eit kjærlighet kun fra han si side, tok han til å feite seg opp. Han blei så feit at han kom på sjukehus, først da tok prinsessa kontakt. Slike morosame historier er det mange av.

Romanen er skrevet på nynorsk, som dei fleste andre verka til Frode Grytten. Det er fantastis korleis Grytten har skildra personane i forhold til samfunnet og miljøet. Grytten har god kjenskap til Odda!

Bikubesong er eit fantasifult verk med morosame, men spesielle historier. Fantasien har ikkje satt nokon grenser i denne boka! Det er imonerande korleis Grytten har klart å forfatte dette ut i frå ein normal murblokk og eit noe ukjent tettsted som Odda.

Eg anbefaler å lese boka, men det er ikkje den beste boka eg har lest. Det blir for absurd.

Even Stokkebekk

Elev i 1STE, 2010

Brevet - Vakker og oppsiktsvekkende roman

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

Romanen Brevet er skrevet av den berømte forfatteren Ragnar Hovland (fødd i 15. april 1952 i Bergen). Han debuterte som forfatter i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Hovland er kjent for å skrive bøker for barn, ungdom og voksne på nynorsk. Han har mottatt en rekke priser for sitt forfatterskap, som bl.a. Kritikerprisen, Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Brevet er utgitt av Gyldendal i 2006, med sin lettleste serie «Litt å lese». Seriens målgruppe er voksne lesere med lesevansker. Romanen er på 81 sider.


Forfatteren skriver om reisen ut i livet, veien er stedet der alt begynner, han skriver om veiskille, om å rive seg løs og om å bli voksen. Det finnes flere forskjellige trekk i Ragnar Hovlands bøker. Det er stadig noen mennesker som er på en reise i bøkene hans og som prøver å oppnå noe. I tillegg vet de som regel ikke hvor det stedet egentlig er. Disse trekkene finner vi også i denne romanen.

Romanen Brevet begynner slikt;

«Jon bor alene sammen med mor si. Ein dag kjem eit brev i posten. Mora seier – Det er eit brev til deg, Jon. (…) Jon går inn på rommet sitt og les brevet. Han les det to gongar. Så veit han at dette er ein spesiell dag. – Eg må dra, seier Jon til mor si. – Eg veit ikkje om eg kan bu her lenger.» Jon tar med seg Lisa og setter seg på motorsykkelen sin. Lisa er ei jente som han ble kjent med på en fest, som han liker veldig godt. De drar på en farefull ferd der mange vil hindre dem til å nå frem. Men hvor skal de og hvem skal de møte?

Under reisen forandrer Jon seg, og blir bedre kjent med seg selv, noe som har stor betydning til selve handlingen. Et eksempel på det er at Jon tar fri fra jobben etter sju år, for å gjøre noe som han vil. Den har en enkel handling, men likevel skjer mye på en kort tidsperiode. Jon får oppleve ting som han aldri har opplevd før.

Det viktigste temaet i denne romanen er menneskets mål om å lykkes i livet, noe som er et typisk trekk for Hovlands romaner. Jon vil ikke lenger være den som fortsatt bor sammen med moren sin. Han er lei av sitt kjedelige liv, og ønsker en forandring. Dette klarer han når han mottar et brev i postkassen.

Brevet er en realistisk roman som tar med oss på en reise gjennom Jons liv. Romanen er en kortprosa tekst, som er veldig lik i formen som novelle. Språket er godt og levende, og har en god flyt. Vi fikk en god personbeskrivelse og innblikk i hvordan deres liv er. Boken veksler godt mellom dialoger og objektiv fortelling. Romanen er skrevet i 3.person, men likevel får vi vite alle tankene og følelsene Jon har. Mot slutten virker det som hovedpersonen har vokst ut av sin gamle karakter.

Til tider er denne romanen veldig god og spennende. Siden romanen er spesialskrevet for voksne mennesker med lesevansker, er teksten kort og klar. Den gode og spennende innledningen vekker leselysten. Handlingen er spennende og romantisk, med mange hindrer underveis. At romanen har en enkel og språklig tekst er utmerket for meg med nynorskvansker. Jeg anbefaler denne romanen til alle som ønsker en spennende bok med relativt kort innhold.

Elev i 1STE, 2010

Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine - Søt romantikk i ei koselig bok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


”Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine” er ein barne- og ungdomsroman skrive av Rune Belsvik. Han er kjent for barnebøker som tar opp kjærleik og forelsking, og «Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine» er ei av dei bøkene som tek opp desse temaa. Boka ble gitt ut i 1987 av Det Norske Samlaget og handlar om den lille øya Vindholmen og dei som bur der. På Vindholmen blæs det kraftig, og korps er ein viktig del av kvardagen. Kva skjer når korpset skal ut i sterk vind med dei gamle, slitne uniformene sine og jamvel ein kjendis skal sjå på?


Krystall Evenes er ei kjend amerikansk skodespelarinne som spelar i ein såpeserie som heiter ”Djupt inn i augene”. Alle på Vindholmen følgjer med på denne serien, og dei har flytta korpsøvinga frå onsdagen fordi serien går denne dagen. Krystall er lei av å smile og vil aller helst bort frå heile innspelinga av ”Djupt inn i augene”, og ein dag klarar ho ikkje å smile eit einaste smil til. Krystall er lei! Ho er lei av at livet hennar skal sjå ut som ein dans på roser sjøl om det eigentlig ikkje er det.

Vindholmen Hornmusikkorps treng pengar til nye uniformer og det er her Krystall Evenes kjem inn i bildet. Planen er nemleg at dirigenten i korpset, Holger Furu, skal sende eit brev til Krystall der han seier at han er i slekt med ho og at den første Evenes ein gong rodde i land på Vindholmen. Det er nemleg på denne tida blitt så populært med å finne røtene sine, og Krystall føler seg rotlaus.

For å skaffe pengar vil dei at Krystall Evenes skal synga ”Alle fuglar små dei er” på bingoen. Da vil folk betala mykje meir enn vanleg for å komme inn på bingoen. Om denne planen lykkast, må du nesten lese boka for å finne ut.

Det er mykje om venskap, familie og kjærleik i boka. Det var ei fin leserøynsle synes eg. Medan eg las tenkte eg ikkje over at boka var så bra, fordi ho var litt kjedelig til tider, men når eg tenkjer på det i etterkant var boka særs koseleg og fin. Det var ein litt snål humor i boka, men eg måtte flire litt innimellom. Språket i boka er lett å forstå, og ho er ganske lettlest og kort. Eg veit ikkje så mykje om andre tekstar av forfattaren, men eg vil anbefale denne boka til dei som likar koselege kjærleiksromanar og som gjerne vil ha noko litt annleis.


Elev i 1STE, 2010

Definitivt Hjerter Ess

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

«Definitivt Hjerter Ess» er ein roadtrip-roman skrive av Atle Hansen. Han blei gitt ut i 2009 på Baskerville Forlag.

Boka startar med at Tommi og Tore, to gutar tidleg i tjue-åra, drar ut på ein liten turne på vestlandet for å gjere innbrot. Tommi er ein avslappa livsnytar som tar ting som dei kommer, og det er han som er initiativtakaren av dei to. Tore, derimot, er ein depressiv, tagal og pessimistisk type som nett har blitt dumpa, og prøvar å drikke vekk problema sine.

Dei to stel ein bil i ein bygd, og drar vidare til Haugesund, der dei blir skyldige i uaktsamt drap under eit innbrot hos ei gammal dame. Her møter dei også to jenter, Laura og Birgitte, som også er ute på tur og prøver lykka. Tore og Tommi stikker av i frykt for politiet, og jentene finn ut at dei skal dra til ein dragspelfestival i Seljord, dit gutane også er på veg.. Undervegs møter dei ein trailersjåfør, og han skal dei møte igjen ein anna gang.

Uten å avsløre for mye, kan eg si at det hele ender med ein knallavslutning.

Etter min meining, er «Definitivt Hjerter Ess» ein relativt godt skrevet bok. Språket er røft og fargerikt, og forfattaren får godt frem kor grov og lite intellektuell den macho trailerkulturen til hovudpersonane er. Boka er strukturert som fleire små separate historier, kvart avsnitt følgjer kvar sine personar, slik at vi får hele historia etter å ha lest alle dei små. Denne strukturen gjer også at boka blir litt rotete, uten tydelige kapitel osv. Atle Hansen har også latt kronologien ligge igjen heime, så dei små historiene kommer hulter til bulter gjennom boka. Men siden avsnitta er så korte, ofte bare eit par sider, blir boka lettlest og har bra flyt likevel. Det einaste negative eg kan sette fingeren på, er at forfattaren har ein tendens til å bli litt oppslukt i dialogane. Vi får ofte fleire sider samanhengande rølpete slarveprat, og det blir fort litt langt.

Men alt i alt er dette ein underhaldande og ungdommelig roman, som vil vere spesielt interessant for fan av road-tripsjangeren. Ein litt over gjennomsnittleg god bok.

Av Petter B. Fjeld

Elev i 1STE, 2010

Du er vel vakker - lettlest og spennende bok fra Erna Osland

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Boken ''Du er vel vakker'' er en lettlest historie på nynorsk. Den er skrevet av Erna Osland, og er utgitt av Samlaget i 2006.


Selve handlingen er veldig enkel og skrevet på en forståelsesfull måte. Hanna, som er hovedpersonen i boken, er utviklingshemmet. Det vil si at hun har en mangelfull utvikling av enkelte evner og funksjonsnivåer.

Hanna bor alene i et lite hus, som hun ser på som sin beste venn. Hun jobber som barnehagetante like ved, og får besøk av ei dame som heter Sigrid hver uke. Sigrid passer på Hanna, men er samtidig veldig opptatt av sine egne problemer.

Senere møter Hanna en gutt som heter Herman. Han er både kjekk, god og synes at hun er vakker. Disse to blir kjærester, og får et slags forhold til hverandre. Problemene som dukker opp, er at han vil ha barn – mens Hanna ikke er klar for dette - i tillegg til at hun selv trenger å bli passet på. Hvordan ville hun da ha klart å passe på et barn? Sigrid tvinger henne til å ta p-sprøyte for at dette ikke skal funke.

Etterhvert rømmer Hanna og Herman sammen, og det er her kaoset starter.

Jeg mener at temaet i boken er kjærlighet. Beskrivelsen av personene er ganske bra skildret - nesten overdrevent detaljert, så man forstår at tankemåten til hovedpersonen er litt mangelfull i forhold til andre mennesker. Personlig synes jeg at boken var litt kjedelig å lese i lengden, men man blir samtidig revet med handlingen og lurer på hvordan det hele vil ende.

Dette er en bok jeg ikke ville ha lest om igjen, grunnet ordbruket og oppbyggingen av teksten. Den er litt primitivt skrevet, men med tanke på hovedpersonens sykdom, kan dette være grunnen. Ellers mener jeg at en voksenbok, ikke burde være skrevet på en så barnslig måte.

Den er veldig enkelt skrevet, men har en rød tråd gjennom hele handlingen. Det er brukt både bilder og lett språk - så jeg anbefaler denne boken til alle som liker lettleste bøker på nynorsk, men allikevel litt spennende - og med et innblikk i tankemåten til mennesker som er utviklingshemmet.



Nicole Kucera


Elev i 1STE, 2010

Flytande bjørn - Positivt overraska av Grytten

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Frode Grytten har skrive ein slags kriminalroman om eit mord frå hans eige heimbygd, Odda. Boka Flytande bjørn blei utgitt på Det Norske Samlaget i 2005 og han fekk Rivertonprisen for boka det same året. Det er ein spennande roman og ein blir fort hekta når ein begynner å lese han.


Frode Grytten har klart å få inn mange moment i ei spennande, men også ganske så kort bok. Det som tar ein del plass i boka hans og det som blir mest fokusert på, er temaet rasisme, og om korleis ein ser på utlendingar blir i eit lita bygd som Odda. Ut frå korleis han beskriv asylmottaka og utlendingane som bur der, ser dei fleste av innbyggarane ned på utlendingane, og det er dei som får skulda for alt gale som skjer.

Hovudpersonen i boka, Robert Bell, opphalde seg i Odda, ei lita bygd der alle kjenner alle. Det har akkurat skjedd eit mord i den vesle bygda. Alle har retta mistanken mot nokre asylsøkarar i bygda og alle er sikre på at det er nokon serbarar som pressa guten på elva.

Robert, som er journalist, har hatt ei langvarig affære med kona til bror sin, Frank. Plutseleg ein morgon er Irene forsvunne, ingen veit kvar ho er og ingen har hørt frå ho. Når bror hans finn ut om forholdet, tar venskapsforholdet mellom Frank og Robert ein vending. Ei drastisk hending skjer mellom Frank og Robert, og begge to vil finne ut kvar Irene er.

Samtidig som dette skjer har Robert mykje å tenke på, i forhold Irene, men mordet er framleis i fokus. Robert blir dradd inn i etterforskinga, sjølv om han berre er ein journalist. Det viser seg at det kan vere vanskelegare å komme til bunns i saka enn ein eigentleg hadde trudd, og dei som står bak drapet er den dei kanskje minst ventar at det skulle vere, og det er mykje hemmeleg som har vore i mørke altfor lenge og nå som blir dradd fram.

Grytten greier å få lesaren til å sjå for seg korleis det ser ut i Odda, og ikkje minst greier han å få frem dei karakteristiske persontrekka i boka. Han skildrar på ein utruleg måte, slik at det blir spennande å lese boka, og han klarer å skape stemning i den forrykande romanen hans. Boka er veldig lettlest, det er lett å få med seg kva som skjer, og han formulerer seg enkelt, og språkbruken er ganske så ungdommeleg.

Det er ei aktuell bok, med spennande innhald. Etter kvart som eg leste var det sånn at eg nesten ikkje kunne leggje frå meg boka, det var så mykje som var nervepirrande og eg berre måtte få svar på. Eg vil anbefale å lese denne boka på det sterkaste, den er verkeleg verdt å lese.

Få meg på for faen - Ikkje bare porno!

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

 
Boka ”Få meg på, for faen” er skreve av Olaug Nilssen og blei gitt ut av Det Norske Samlaget i 2005.
Olaug Nilssen er ein forfattar som skriver forskjellege tekstar og bøker. Ho begynte sin forfattarkarriere i 1998 med debutromanen ”Innestengt i udyr”. Ho har også skreve ei barnebok, ”Ronnys rumpe” i 2004. Ho har også skreve andre bøker.

Boka har to hovudpersonar; Maria og Alma.

Først kjem en inn i livet til Maria, som er ei tjueto år gamal jente som jobbar som vaskekjerring på universitetet. Ho har nokre tankar i hovudet sitt om at ho er kjent og at avisa alltid kjem for å intervjue henne. Ho går ofte og dagdrøymer om å ein gong få gjere noko meir enn bare å vaske. I tillegg går ho på skule, og er derfor ofte veldig stressa.

Ho likar ikkje jobben sin, ho likar heller ikkje sjefen sin. Ho er så frekk! Maria er bare ein vikar, så ho får dei verste jobbane av alle. Ho driver også på med å skrive eit føredrag om arbeidsplassen sin, som ho skal framføre for universitetet.

Den andre historia i boka handlar om Alma, ei jente som er veldig spesiell, og ho har ikkje vennar, så ho går alltid åleine. Ein kveld er ho på fest, og ho møter Artur som er ute. Han lukker opp smekken på buksa si, og tar pikken sin ut. Han nærmar seg Alma, og kjem borti henne på låret. Ho får panikk, og skrik: ”Han var nær meg med pikken! Det er heilt sant!”. Etter da veit alle at Alma verkeleg er gal, og dei har bevis nok. Alma gjør meir opprør, ho ringer til sex-telefon frå telefonen sin og onanerer og stønner på rommet sitt om kveldane. Mora merker dette, og snakkar med Alma.

Forfattaren har eit dristig språk som er ganske muntlig, ho brukar veldig mange tabu-ord. Siden ho veler dei orda og sjølve teksten som ho gjer, så merker eg at ho skrivar til ungdommar.

Språket kan også være ganske støtande i kapittelet om Alma og Artur. Eg synes at boka er mykje meir enn bare pornografi. Til og med det om Alma, eg meiner heller at det handlar om eit vanskeleg tenåringsliv og at ho har problem, men får ikkje den hjelpa ho treng. Dette er også eit tema som er viktig for samfunnet i dag. Folk med problemer merker en at sliter, og då må folk hjelpa til med at dei skal få det betre.

Hvis du liker rare historiar og har litt sær humor, så er kanskje dette boka for deg. Eg vil ikkje anbefale den hvis du ikkje klarer å setje deg inn i fleire historiar i ei bok. Hvis du blir veldig fort forvirra, er dette ikkje boka for deg!

Elev i 1STE, 2010

Greatest Hits - Humoristisk og overdrevet

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Denne boka er skrevet av Are Kalvø. Are Kalvø er født 31 desember 1969 og han var født på Summøre. Han er en norsk forfatter og en satiriker. Han debuterte i 1994 med boka «Absolutt Oslo», og i 2004 debuterte han som en skjønnlitterær forfatter med boka Nød. Are Kalvø Greatest Hits er fra «Det Norske Samlaget». Denne boka inneholder 30 kåserier og tilsammen har hele boka 473 sider. Noen kåserier som har blitt meget populære i denne boka er: Bibelen 2, Harry og Flaskepantnazien. Are Kalvø har kommet ut med 10 bøker som har fått god kritikk og meget bra karakter.


Historiene til Kalvø er spesielle og unike. Dette er fordi han har en forskjellig skrivemåte enn de andre norske forfatterne, som er bra. Han bruker mye ironi, overdrivelse og humor for å få leseren til å fortsette å lese boka. Han har laget forskjellige historier og flaskepantnazien er mer som et kåseri hvor det har skjedd en hendelse han forteller om. Derimot så er «Den dagen bordet knakk» mer som en fortelling fordi han forklarer noe som skjer der og da. Så han bytter på skrivemåter. «Den dagen da bordet knakk», inneholder også mange flere replikker og det er ikke noe innsyn i perrsonene.

Historiene til Are Kalvø er fabelaktige og vidunderlige. Dette er fordi han bruker ironi og humor. Historiene hans innehold mye humor og overdrivelse. Historiene inneholder mye satirer og de fleste inneholder en rød tråd. Det er lite slang, men det er korte setninger og klare poeng.

Flaskepantnazien handler om en kioskdame som hater unger. Hun er alltid imot dem, og lurer penger ut av dem. En gutt skulle gå for å pante en flaske, men fikk ikke gjort det fordi hun sa at flasken var fra kiosken. Barna lagde ikke historier om andre ting, men om kioskdamen. Alle var redd for henne, men noen av ryktene var ikke til å tro på. Men spørsmålet er: Var det hun som irriterte barna først eller barna som irriterte henne først?

Jeg likte denne boka veldig godt, fordi den inneholdt små historier og fordi jeg levde meg inn i de historiene han hadde skrevet. Boka inneholdt mye humor, ironi, satirer og overdrivelse. Are Kalvø har en unik måte å skrive sine historier på og denne boka ble en stor suksess, mener jeg. Jeg anbefaler denne boka, til alle de som liker å lese små historier og har sans for humor.



Toqir Shaffi

Elev i 1STE, 2010

Greatest Hits

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Boka er skrevet av Are Kalvø som er en kjent norsk satirisk forfatter, programleder -og kåsør i NRK Radio. Han har skrevet bøker som”Harry”, ”Syden” , ”Bibelen 2” ,”Men fjernkontrollen min får du aldri”. Boka ble utgitt av Det Norske Samlaget i 1996.Are Kalvø har fått en del priser, blant annet årets frilanser og kringkastingprisen.


I dette kåseriet har Are Kalvø sterke meninger, og blant annet mener han at innvandrere skal snakke norsk hele tiden, selv om det ikke er en nordmann til stedet. Kalvø sier også at at det norske folk ofte ser krangling eller diskusjoner på et språk vi ikke forstår mye mer en dramatisk enn det ofte er:”Dersom du for eksempel hever stemmen som en fremmedkulturell person i leiligheten din, tror selvsagt naboene dine at du er sint fordi du har fått beskjed om at partiet med grov barneporno er blitt forsinket, eller at du skjeller ut tenåringsdatteren sin fordi hun ikke vil reise tilbake til gamlelandet og gifte seg med den overvektige, hårete førti-åtteåringen du har sett ut til henne.” Are Kalvø har også prøvd å appellere indirekte følelsene våre. Når man leser teksten første gang kan den virke ironisk og overdrevent. Hvis teksten leses et par ganger og grundigere er det lett å kjenne seg igjen i det Kalvø skriver. Jeg vil ikke røpe for mye, men boken forteller hvordan nordmenn kan være mot innvandrere, i dette tilfellet mot negere.

Jeg synes boka var bra fordi at Are Kalvø fikk frem synspunktet og meningene sine på en fin måte. I denne boka «ufarliggjør» han problematiseringen ved å bruke mye humor som et virkemiddel samtidig som det er lett å kjenne seg selv i situasjonene han prøver å beskrive, fordi han gjør det på en humoristisk måte. Boka er veldig bra skrevet, man kan følge den røde tråden gjennom hele boka. Jeg vil ikke si at jeg er enig i alt han har skrevet, men det er noen skjulte sannheter som man får vite om nordmenn. Boka anbefales til alle som elsker å lese.

Elev i 1STE, 2010

Haugtussa - Lesning for den kresne poesielskaren


Ein bokomtale av Kasper Lauritsen i 1STE


«I lyngmarki nord millom haugar tri, der gjekk ho gjætte si meste tid. Og Haugtussa vart ho heitand.»

«Haugtussa» er ei 229 sider lang episk-lyrisk diktsamling av ein av norsk litteraturhistories største legender; Arne Garborg(1851-1924). Utgåva eg har lest er Hundreårsutgåva frå 1995, utgitt av Den Norske Bokklubben. Altså vert «Haugtussa» første gong utgitt i 1895. Verket «I Helheim» frå 1901 er ein indirekte fortsetting av «Haugtussa». Utgåva er illustrert av kunstnaren Håken Bleken.

«Haugtussa» handlar om den unge jenta Veslemøy, som bur saman med den gamle mora si i eit kårhus på landsbygda i Jæren. Veslemøy er full av fantasi og eventyr, og bruker mykje av tida si på å fortelje historier og eventyr til dei andre barna. I ein drøm får ho besøk av sin avdøde søster, som gir ho eit val. Veslemøy får moglegheita til å sjå og snakke med dei underjordiske skapningane som ingen andre menneske kan sjå, noko ho vil meir enn noka anna. Veslemøy slutar å vere saman med dei andre barna, og vandrar heller åleine rundt på setra. Då får ho tilnamnet «Haugtussa».

Veslemøy forelskar seg i storgardsguten Jon, som gjengjelder kjærleiken ho gjer han. Samstundes har Bergkongen tilbydt Veslemøy rikdom og ekteskap om ho blir med ham inn i fjellet. Veslemøy vel Jon, og dei får ein sommar saman. Den følgande høsten finner Veslemøy ut at Jon allereie er lova til ei storgardsjente(refereras til som «megga på Ås»), noko som betyr at Veslemøy aldri vil få Jon i giftemål. Vil Veslemøy tilbringe resten av livet sitt på hemnens og bitterheitas sti, eller vil ho finne ein annen vei å gå i livet?

I dei i alt sytti dikta veks det fram ei djuptpløyande skildring av dei mest fundamentale stridane i livet, dei mellom trua på sanning og ånd og trusselen frå mørke og vonde krefter. Med eit meisterleg grep om det nynorske språket og med det rike tilfanget frå folkeviser og folkeeventyr, fangar Garborg poesien som ligg i bristepunktet mellom den trauste røynda og trolldansen i huldreheimen. Til tross for alt dette er «Haugtussa» eit utruleg tungt verk å lese. Nynorsken er gamal og konservativ, noko som gjer det ekstra vanskeleg å lese då ein ikkje har nynorsk som morsmål, fordi mange brukte nynorskord ikkje lenger er i bruk. Dette gjer det til tider svært vanskeleg å få med seg handlinga.

«Lesing for den kresne poesi-elskaren». Det er akkurat det det er. For å verkelig nyte dette meisterverket må ein beherske nynorsk til sitt fulle, og også ha ein særeigen interesse for poesi. Dette er ingen «blockbuster». Men det du derimot får, det er litteratur med sjel. Sjel heilt ned til kvart einaste komma og punktum. «Haugtussa» er noe ein kvar nordmann med eit spor av folke-kjensle burde få med seg i løpet av livet.

Elev i 1STE, 2010

Heit juice - Ei overraskande bok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Heit juice er ei bok skreve i 1993 av Kolbjørn Hauge. Hauge blei fødd 2.april 1926 og var ein forfattar og lærar. Han har skreve barnebøker og Store norske rimordbok, men er nok mest kjent som krimforfattar. Han slo igjennom med Heit juice, som vann Sunnmørsprisen. For boka Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen også kjent som «Den Gyldne Revolver». To perfekte mord og andre kriminelle historier (2004) ble den siste krimboka før han døydde 15.august 2007, 81 år gammal.


Boka tar oss med på ei øy på lita bygd i Hordaland, der ein fyr med namnet Anton Lilleberg blir finni død på kjøkkengolvet. Samtidig så er kona han sporlaust borte. Ho skulle på ferie til systera si som bor på Gjøvik, men ingen har hørt noko frå henne. Anton var ein spesiell kar som likte å å varme opp juicen i mikrobølgeovnen og det viser seg også at han blir forgifta av arsenikk og at det stammar frå ein juicekartong. Men kven har sånn gift nå lenger? Det viser seg også at den døydde var eit vanskelig menneske og har vore i fleire konfliktar med mange andre.

Oppi alt dette så blir eit postkontor rana og ranarar stikker av i ein bil. Seinare blir bilen funni i full brann i skogen. Disse ranarane klare å blande seg inn i drapet på ein eller annan måte.

Forfattaren tar oss med til mange stadar på den lille øya og lar oss bli kjent med mange personar. Han skildrar Vestlands miljøet på 1990-talet på ein fin måte. Han får med seg mange detaljar og mye humor. Hauge bruker eit muntleg språk. Det som er så bra med boka er at han skrivar på ein måte som gjør at det ikkje er lett å gjette seg til kva som kjem til å skje. Handlinga tek plass litt overalt, noe som gjør at ein blir stadig overraska.

Det er ein spennande bok noe som gjør at det er vanskeleg å legge den frå seg når ein har begynt på den. Man trengjer heller ikkje å lese lenge før noko skjer, og det beste med heile boka har at mordaren ikkje blir avslørt før på siste linje. Det einaste som kan vere litt vanskelig er å huske alle namna til personane.

Elev i 1STE, 2010

Hår i millioner år - Flir med ei faktabok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


«Hår i millionar år» er skrevi av Erna Osland i år 2000, og blei gitt ut av Samlaget. Boka handlar om hår gjennom millionar av år, frå 1.5 millionar år før Kristus til den dag idag. I boka følgjer me Hildur på 10 år gjennom hennar interesse for hår. Gjennom denne boka vil du le og gispe, alt i ei faktabok.


Når du først tittar på omslaget tenkjer du sikkert at dette må vera ei faktabok. Boka er så mykje meir, den innehald tross alt både fiktive historier, som de om Hildur, og fakta, som kvifor Alexander den store ba alle soldatane sine om å barbere seg. Eigentleg må me sei at boka er sterkt tema-basert. Ho har ikkje eit mål med seg, som ei normal historie har. Historia om lille Hildur er eigenleg ei side historie, kanskje for å gjere ho meir lettlest.

For boka er lettlest, og eg kan ikkje sei at eg har lest ei morosam «faktabok» i heile mitt liv. Erna Osland har fått noe så kvardagsleg og keisamt som hår spennande. Språket er det som gjer boka morosam. Det er lett og flytande, eit slags muntleg språk. Etter å ha lest denne boka må eg sei at indianarane ikkje var så veldig brutale som historia skal ha det til. Du skjønner også kor mykje hår har å sei for menneske, og da pratar eg om hår på heile kroppen.

Du som lurar på kor morosamt og viktig hår kan vere, kan stille deg sjølv nokre få spørsmål. Veit du kvifor indianarane skalperte dei døde som dei drepe? Veit du kvifor dronning Hatshepsut måtte gå med lausskjegg? Og kanskje det aller viktigaste, hadde Norge blitt eit kongerike under Harald Hårfagre dersom han ikkje hadde hatt det håret han hadde?

Eg anbefale denne boka til alle saman, både store og små. Boka er morosam, underhaldande, og ikkje minst lærerik. Viss du vil ha ei god og lettlest faktabok om hår, da er dette boka for deg.



Hans-Kristian Hartvig

Elev i 1STE, 2010

Ingen må vite - Historisk roman med aktuelt innhald

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Aina Basso: «Ingen må vite» (Det Norske samle laget 2008) 169 sider.
«Ingen må vite» er debutboka til Aina Basso. Til nå er det hennar einaste bok, men eg ser frem til eventuelt kommande bøkar. Ho er ei god forfattar som har klart å få fram av kjensler som kjærleik, fortviling og skam, i ei gripande og forferdeleg historisk forteljing.

Boka handlar om Ingeborg som bur med mora si, broren sin, og han nye mannen til mora, Gabriel. Handlinga er lagt til starten av 1700-talet, kor familien lever som ein mellomklasse bondefamilie. På denne tida spelte religion ei viktig rolle i samfunnet. Det å ha seksuell omgang eller å bli gravid utanfor ekteskapet var ei stor synd, som i verste fall kunne ende med dauden.



Ein dag treff Ingrid på Mikkel og dei blir straks forelska. Mikkel skal arbeide på garden der Ingeborg bur den sommaren , noe som gjer at dei for mye tid saman. Men det er noe som dreg dem frå kvarandre, ein løyndom Mikkel ikkje kan få kjennskap til.

Gabriel har gjennom oppveksten til Ingeborg fleire gonger utnytta og overgrep ho. Ingeborg kjenn ein stor skam over dette. Kvar gong Gabriel kjem heim og han lukter alkohol smyg han seg oppi senga saman med Ingeborg som strittar imot.

Når vinteren kjem blir Mikkel og Ingeborg drege frå kvarandre, ikkje fordi dei ynskjer dette, men fordi Mikkel må tilbake til si eiga bygd. Løyndommen Ingrid ber på veks med tida som går og vil måtte bli avslørt. Han vil skape store konsekvensar for alle involverte, både skyldige og uskyldige.

«Ingen må vite» er ei bok som beskriv kor vanskeleg det er å oppleve overgrep. Den beskriv kjenslene av skam og korleis det er å ikkje kunne snakke med noen som vil forstå. Den handlar om å forstå at det ikkje er eins eiga feil at ein blir utnytta, og at ein må stå opp mot det. Aina Basso har klart å blande sin bakgrunn som historikar og eit aktuelt tema på ein ypparleg måte i denne livfulle og oppsiktsvekkande boka.

Boka er delt opp i mange små avsnitt, kor ein får innsyn i ei hending som skjer over to til tre avsnitt, før man plutseleg får innsyn i ei anna hending. Eit eksempel er at det kan stå to avsnitt om ein hending på sommaren, før historia plutseleg hoppar til hausten og fortel om ei ny hending. Dette gjer boka annleis enn mange andre bøker. I dette tilfellet meiner eg at det gjer forteljinga meir interessant, ved at det ikkje er lagt til unødvendige detaljar. Avsnitta gjer at du må lese eit stykke før du får tak på handlinga og det vekker ein interesse for å stadig finne ut meir. Språket i boka er ganske enkelt, og det er tydelig at forfattaren ønsker å treffe ungdomsgruppa. Beskrivingar og detaljar er sat til eit minimum, for å få fram temaet og bodskapen klarare.

Alt i alt syntes eg boka var spennande. Boka er skreve på ein måte som gjer at ein berre vil vite meir og meir. Boka har eit veldig godt tema som gjer boka aktuell, sjølv om handlinga er plassert langt tilbake i tid. Som ungdomsbok egnar den seg veldig godt, med dei korte avsnitta og enkel tekst. Det er verkeleg ei god bok som er verdt og lese.

Elev i 1STE, 2010

Johan

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Boka ”Johan” var debutboka til Gaute M. Sortland, og gjeve ut av Det norske Samlaget i 2009. Johan kjem tilbake frå ein helt vanleg tur med båten på havet saman med sin bestevenn Iver. Når han kjem 10 min for seint tilbake, finn han lislesystera drukna på sandbotnen. Ein dag må han kjempe for sitt eige liv. Det er ein gripande bok av Gaute M. Sortland, som gjør at man reflekterer livet meir, og man får et kanskje nytt syn på livet og ein sett meir pris på ens kjære.


Johan er ein helt vanleg ung gut, som les Donald og som framleis er eit barn. Eit barn som må bere på ei sorg som er større enn han sjølv. Han og kameraten, Iver, var ofte ute med båten, men ein dag kom dei for seint tilbake, og Johan ser veslesystera liggje på botn i det dei legg til land. ”Aldri har bileta gått så fort. Søstera som søv nede på sandbotnen.” At vesle systera dør, snur opp ned på livet til ungguten, og Johan legg merke til korleis både foreldra og andre oppfører seg unaturleg og annleis ovanfor han. Det gjer det enda vanskelegare å gløyme tapet og sorga over systera. Ein dag blir hans eige liv plutseleg satt på spel.

”Johan” er ei sterk forteljing om kvardagslivet til Johan, men også dei dramatiske hendingane i ung gutens liv. Romanen er satt opp slik at det vekslar mellom to parallelle historier, den eine er hovudforteljinga, men det bryt inn kursivskrift som er fortid, og det rullar opp frå det som begynnar som ein helt vanleg vår dag i båten, til å ende med at Johan ser vesle systera som ligg på botn av Norskehavet. Forfattaren har skrive i eit enkelt språk, men det er ikkje noko logisk oppbygging av historia, så det kan bli litt vanskeleg å få med seg tidsrommet. Både miljøskildringa og personskildringa er svært bra. Forfattaren skriv slik at det er lett å få med seg miljøet, og ein kan sjå for seg alt i frå Johan sin vinkel.

Sjølv om boka var sterk og gripande, var ho litt kjedelig. Det var mykje tekst som ikkje var noko vits å lese. Det verte mykje som ikkje hadde noko med handlinga å gjere, og eg vil seie at mykje av det var overflødig. Omslaget såg spennande ut, og det gjorde ”samandraget” på bakside også, men det vart meir ein skuffelse når ein begynte å lese. Eg anbefaler boka for folk som liker rolege og djupe bøkar, men boka egnar seg ikkje for folk som likar action og spenning.

Elev i 1STE, 2010

Nattergal - Varm og blodig krim

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Læraren og journalisten, Kai Martin Brekke, debuterte i 2006 med spenningsromanen ”Nattergal”. Brekke legg debutromanen si handling til heimbygda, Flåm, og vier alle boka sine 177 sider til å gi lesaren eit innblikk i bygda si historie og kultur. Romanen er skrive på nynorsk, noko som også gjeld for Brekke si andre bok, ”dødelig arv”, som blei gitt ut i 2008.


Ein rekordvarm sommar i bygda Flåm resulterer i at turistnæringa, det økonomiske grunnlaget til bygda, blomstrar meir enn nokon gong tidlegare. Eit blodig lik blir funne på toalettet i ein kupe på Flåmbanen og etterforskarane står igjen utan eit einaste spor i saka. Den drepne er ei kvinneleg, amerikansk professor og saka blir gitt til den einslege lensmannen Mikkel Holo, som etter eit lengre opphald i ein av USAs mest kriminelt belasta byar, endeleg har vendt tilbake til heimbygda, Flåm. Samtidig, ein stad ikkje langt unna syng ”Nattergalen” ein stille song, ein song om at ei ”syster” har blitt teke hand om, berre tre gjenstår. Flåm går ei varmare tid i møte. Drepande varm og blodig.

”Nattergal” er ein krimroman med høgt spenningsnivå. Lesaren blir vitne til eit høyst velregissert hemnkomplott, der fleire partar er ute etter å utøve rettferda. Ved å hoppe frå person til person, leike med tida og gi grundige referat frå karakterane sine tankar og mentale tilstand, gjer Brekke at det skal godt gjerast å leggje boka frå seg. Boka er veldig godt gjennomført, og sjølv om lesaren frå tid til annan følgjer mordaren, sit ein ikkje igjen med ein klar kjensle om kven som faktisk er offer i dette store komplottet.

Boka har eit breitt register av karakterar med vidt forskjellige personlegdommar, noko Brekke bruker mykje tid på å få fram både gjennom grundige personkarakteristikkar og tankereferat. Handlinga hengjer godt saman, då fleire av boka sine karakterar har ei fortid saman i den vesle, lokale bygda, noko som skaper eit inntrykk av ei typisk bygd kor alle kjenner alle.

Eg liker boka veldig godt. Ei gjennomført og spanande handling frå byrjing til slutt, gjer at eg med stor trygging kan anbefale denne romanen. I ”Nattergal” følgjer ein heile tida fleire karakterar i eit og same tidsrom, noko som gjer at boka til tider kan vere forvirrande. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen! Boka er kort, noko som resulterer i ein litt for brå slutt etter min smak, men samtidig fører det til at ei elles tungvinn bok, blir nokså lettlest.

Eg synest Kai Martin Brekke gjer ein solid debut med denne boka, og anbefaler derfor «Nattergal» på det sterkaste.

Kjelder:

http://www.bokkilden.no/SamboWeb/sok.do?enkeltsok=Kai+Martin+Brekke&rom=MP

http://www.abcnyheter.no/borger/skrivetips/071024/slik-skriver-du-bokanmeldelser

http://bokelskere.no/bok/nattergal/26865/

Elev i 1STE, 2010

Nittensekstifire - Å Vestland, Vestland, når eg les deg slik, må eg geispe trøytt, men utan sut

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Ragnar Hovland har gjennom dei siste 30 åra underhalde oss med sine prisbeløna og kritikarroste bøker som syner sin bredde gjennom ulike genre. Fem år etter den bestseljande romanen Ei vinterreise gav Samlaget ut Hovlands roman, 1964. Romanen tek oss med på ei reise 50 år tilbake i tid til eit Noreg i krise og vekst. Romanen gjev oss eit godt innblikk i tidas kultur og miljø. Her møter me Rolf, ein 12 år gamal gut som opplever eit barndomsår fylt med venskap, alvor og romanse.


Som med mange av dei tidligare bøkene Hovland har gitt ut, startar han med eit forord kor han fortel kvifor han akkurat valde det her året. Hovudpersonen i boka, Rolf, har mange karakteristiske trekk som er like med forfattaren sjølv, men å kalle romanen for ein sjølvbiografi vil ikkje vere heilt riktig. ”At året 1964 er valt, er ikkje tilfeldig, det er eitt av dei åra eg hugsar minst frå i heile livet. Året måtte rekonstruerast frå grunnen av.” skriv Hovland i forordet. Lesaren får på sett og vis føle kor strevsamt denne rekonstrueringa var, til dømes fordi lesaren må tenkje mykje undervegs i boka for å få den riktige forståinga. Samstundes skal det seies at boka er kunnskapsgivande sjølv om språket kunne ha vore meir biletlig.

Handlinga i boka strekk seg gjennom heile 1964. I starten gir boka oss eit roleg og sjarmerande inntrykk av ein gjennomsnittleg gut frå Vestlandet. Men utover i boka går me djupare og djupare inn i hovudet på denne guten. Vi finn ein gut som filosoferer på livet sin meining, og vaksne foreldre som opplever ein stadig meir og meir komplisert kvardag, med samlivsproblem og eit uuthaldelig mas. Eit mistenkeleg dødsfall, ei nyinnflytta kristen sekt, og eit nytt skuleår fylt med nye elevar og vennar er bare noko av det me har i vente. Også var det jo den der kjærleiken da…

Gjennom boka får me ikkje veta mykje om korleis rollefigurane direkte ser ut, men me får heller ein indirekte beskriving. Rolf er 12 år, og bor saman med ein bror som er for intelligent for sit eiget beste, ei syster som til hans store glede snart skal flytte ut på hybel, ei mor som er på randen av nervøst samanbrot, og ein far som sel Biblar til langt utpå kveld, som oftast hos den same kvinnelege kunden… ”Prestesonen” er Rolf sin aller beste venn, og vandrar som oftast rundt på kyrkjegarden og filosoferer om døden og vonde ånder. Judith er ei ny jente i klassen og tilhøyrar ei streng og konservativ kristen sekt som ho stadig blir meir og meir rebelsk i. Ho og Rolf finn tonen allereie tidleg i boka, og kjærleiken blomstrar vidare mellom dei to gjennom heile romanen. Med skildringa av TV-sensasjonen som snart kjem til Noreg og lukta av oljegrus-belagde vegar, får ein eit innblikk i korleis livet var for 50 år sidan.

Sjølve boka er enkelt oppbygd, med kronologiske episodar etter kor langt inn i året me har kome. Boka i seg sjølv er grei å lese, med eit enkelt og morosamt, men samtidig kritisk og alvorleg, språk. Til tross for dette finnes det mange skjulte bodskap, som til tider kan vere vanskelige å forstå. Lesaren må filosofere litt sjølv for å leite fram meininga.

Dette er ei god bok å lese, men som til tider kan ha litt for lange skildringar. Eg har opplevd gonger ein rett og slett kan hoppe over fleire kapittel og likevel få med seg hendinga. Med langsam handling og lite spenning fann eg boka noko kjedeleg.

Av Helge Jensen

Elev i 1STE, 2010