mandag 3. mai 2010

Flytande bjørn - Positivt overraska av Grytten

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Frode Grytten har skrive ein slags kriminalroman om eit mord frå hans eige heimbygd, Odda. Boka Flytande bjørn blei utgitt på Det Norske Samlaget i 2005 og han fekk Rivertonprisen for boka det same året. Det er ein spennande roman og ein blir fort hekta når ein begynner å lese han.


Frode Grytten har klart å få inn mange moment i ei spennande, men også ganske så kort bok. Det som tar ein del plass i boka hans og det som blir mest fokusert på, er temaet rasisme, og om korleis ein ser på utlendingar blir i eit lita bygd som Odda. Ut frå korleis han beskriv asylmottaka og utlendingane som bur der, ser dei fleste av innbyggarane ned på utlendingane, og det er dei som får skulda for alt gale som skjer.

Hovudpersonen i boka, Robert Bell, opphalde seg i Odda, ei lita bygd der alle kjenner alle. Det har akkurat skjedd eit mord i den vesle bygda. Alle har retta mistanken mot nokre asylsøkarar i bygda og alle er sikre på at det er nokon serbarar som pressa guten på elva.

Robert, som er journalist, har hatt ei langvarig affære med kona til bror sin, Frank. Plutseleg ein morgon er Irene forsvunne, ingen veit kvar ho er og ingen har hørt frå ho. Når bror hans finn ut om forholdet, tar venskapsforholdet mellom Frank og Robert ein vending. Ei drastisk hending skjer mellom Frank og Robert, og begge to vil finne ut kvar Irene er.

Samtidig som dette skjer har Robert mykje å tenke på, i forhold Irene, men mordet er framleis i fokus. Robert blir dradd inn i etterforskinga, sjølv om han berre er ein journalist. Det viser seg at det kan vere vanskelegare å komme til bunns i saka enn ein eigentleg hadde trudd, og dei som står bak drapet er den dei kanskje minst ventar at det skulle vere, og det er mykje hemmeleg som har vore i mørke altfor lenge og nå som blir dradd fram.

Grytten greier å få lesaren til å sjå for seg korleis det ser ut i Odda, og ikkje minst greier han å få frem dei karakteristiske persontrekka i boka. Han skildrar på ein utruleg måte, slik at det blir spennande å lese boka, og han klarer å skape stemning i den forrykande romanen hans. Boka er veldig lettlest, det er lett å få med seg kva som skjer, og han formulerer seg enkelt, og språkbruken er ganske så ungdommeleg.

Det er ei aktuell bok, med spennande innhald. Etter kvart som eg leste var det sånn at eg nesten ikkje kunne leggje frå meg boka, det var så mykje som var nervepirrande og eg berre måtte få svar på. Eg vil anbefale å lese denne boka på det sterkaste, den er verkeleg verdt å lese.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar