mandag 3. mai 2010

Ingen må vite - Historisk roman med aktuelt innhald

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Aina Basso: «Ingen må vite» (Det Norske samle laget 2008) 169 sider.
«Ingen må vite» er debutboka til Aina Basso. Til nå er det hennar einaste bok, men eg ser frem til eventuelt kommande bøkar. Ho er ei god forfattar som har klart å få fram av kjensler som kjærleik, fortviling og skam, i ei gripande og forferdeleg historisk forteljing.

Boka handlar om Ingeborg som bur med mora si, broren sin, og han nye mannen til mora, Gabriel. Handlinga er lagt til starten av 1700-talet, kor familien lever som ein mellomklasse bondefamilie. På denne tida spelte religion ei viktig rolle i samfunnet. Det å ha seksuell omgang eller å bli gravid utanfor ekteskapet var ei stor synd, som i verste fall kunne ende med dauden.



Ein dag treff Ingrid på Mikkel og dei blir straks forelska. Mikkel skal arbeide på garden der Ingeborg bur den sommaren , noe som gjer at dei for mye tid saman. Men det er noe som dreg dem frå kvarandre, ein løyndom Mikkel ikkje kan få kjennskap til.

Gabriel har gjennom oppveksten til Ingeborg fleire gonger utnytta og overgrep ho. Ingeborg kjenn ein stor skam over dette. Kvar gong Gabriel kjem heim og han lukter alkohol smyg han seg oppi senga saman med Ingeborg som strittar imot.

Når vinteren kjem blir Mikkel og Ingeborg drege frå kvarandre, ikkje fordi dei ynskjer dette, men fordi Mikkel må tilbake til si eiga bygd. Løyndommen Ingrid ber på veks med tida som går og vil måtte bli avslørt. Han vil skape store konsekvensar for alle involverte, både skyldige og uskyldige.

«Ingen må vite» er ei bok som beskriv kor vanskeleg det er å oppleve overgrep. Den beskriv kjenslene av skam og korleis det er å ikkje kunne snakke med noen som vil forstå. Den handlar om å forstå at det ikkje er eins eiga feil at ein blir utnytta, og at ein må stå opp mot det. Aina Basso har klart å blande sin bakgrunn som historikar og eit aktuelt tema på ein ypparleg måte i denne livfulle og oppsiktsvekkande boka.

Boka er delt opp i mange små avsnitt, kor ein får innsyn i ei hending som skjer over to til tre avsnitt, før man plutseleg får innsyn i ei anna hending. Eit eksempel er at det kan stå to avsnitt om ein hending på sommaren, før historia plutseleg hoppar til hausten og fortel om ei ny hending. Dette gjer boka annleis enn mange andre bøker. I dette tilfellet meiner eg at det gjer forteljinga meir interessant, ved at det ikkje er lagt til unødvendige detaljar. Avsnitta gjer at du må lese eit stykke før du får tak på handlinga og det vekker ein interesse for å stadig finne ut meir. Språket i boka er ganske enkelt, og det er tydelig at forfattaren ønsker å treffe ungdomsgruppa. Beskrivingar og detaljar er sat til eit minimum, for å få fram temaet og bodskapen klarare.

Alt i alt syntes eg boka var spennande. Boka er skreve på ein måte som gjer at ein berre vil vite meir og meir. Boka har eit veldig godt tema som gjer boka aktuell, sjølv om handlinga er plassert langt tilbake i tid. Som ungdomsbok egnar den seg veldig godt, med dei korte avsnitta og enkel tekst. Det er verkeleg ei god bok som er verdt og lese.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar