mandag 3. mai 2010

Heit juice - Ei overraskande bok

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Heit juice er ei bok skreve i 1993 av Kolbjørn Hauge. Hauge blei fødd 2.april 1926 og var ein forfattar og lærar. Han har skreve barnebøker og Store norske rimordbok, men er nok mest kjent som krimforfattar. Han slo igjennom med Heit juice, som vann Sunnmørsprisen. For boka Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen også kjent som «Den Gyldne Revolver». To perfekte mord og andre kriminelle historier (2004) ble den siste krimboka før han døydde 15.august 2007, 81 år gammal.


Boka tar oss med på ei øy på lita bygd i Hordaland, der ein fyr med namnet Anton Lilleberg blir finni død på kjøkkengolvet. Samtidig så er kona han sporlaust borte. Ho skulle på ferie til systera si som bor på Gjøvik, men ingen har hørt noko frå henne. Anton var ein spesiell kar som likte å å varme opp juicen i mikrobølgeovnen og det viser seg også at han blir forgifta av arsenikk og at det stammar frå ein juicekartong. Men kven har sånn gift nå lenger? Det viser seg også at den døydde var eit vanskelig menneske og har vore i fleire konfliktar med mange andre.

Oppi alt dette så blir eit postkontor rana og ranarar stikker av i ein bil. Seinare blir bilen funni i full brann i skogen. Disse ranarane klare å blande seg inn i drapet på ein eller annan måte.

Forfattaren tar oss med til mange stadar på den lille øya og lar oss bli kjent med mange personar. Han skildrar Vestlands miljøet på 1990-talet på ein fin måte. Han får med seg mange detaljar og mye humor. Hauge bruker eit muntleg språk. Det som er så bra med boka er at han skrivar på ein måte som gjør at det ikkje er lett å gjette seg til kva som kjem til å skje. Handlinga tek plass litt overalt, noe som gjør at ein blir stadig overraska.

Det er ein spennande bok noe som gjør at det er vanskeleg å legge den frå seg når ein har begynt på den. Man trengjer heller ikkje å lese lenge før noko skjer, og det beste med heile boka har at mordaren ikkje blir avslørt før på siste linje. Det einaste som kan vere litt vanskelig er å huske alle namna til personane.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar