mandag 3. mai 2010

Nittensekstifire - Å Vestland, Vestland, når eg les deg slik, må eg geispe trøytt, men utan sut

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Ragnar Hovland har gjennom dei siste 30 åra underhalde oss med sine prisbeløna og kritikarroste bøker som syner sin bredde gjennom ulike genre. Fem år etter den bestseljande romanen Ei vinterreise gav Samlaget ut Hovlands roman, 1964. Romanen tek oss med på ei reise 50 år tilbake i tid til eit Noreg i krise og vekst. Romanen gjev oss eit godt innblikk i tidas kultur og miljø. Her møter me Rolf, ein 12 år gamal gut som opplever eit barndomsår fylt med venskap, alvor og romanse.


Som med mange av dei tidligare bøkene Hovland har gitt ut, startar han med eit forord kor han fortel kvifor han akkurat valde det her året. Hovudpersonen i boka, Rolf, har mange karakteristiske trekk som er like med forfattaren sjølv, men å kalle romanen for ein sjølvbiografi vil ikkje vere heilt riktig. ”At året 1964 er valt, er ikkje tilfeldig, det er eitt av dei åra eg hugsar minst frå i heile livet. Året måtte rekonstruerast frå grunnen av.” skriv Hovland i forordet. Lesaren får på sett og vis føle kor strevsamt denne rekonstrueringa var, til dømes fordi lesaren må tenkje mykje undervegs i boka for å få den riktige forståinga. Samstundes skal det seies at boka er kunnskapsgivande sjølv om språket kunne ha vore meir biletlig.

Handlinga i boka strekk seg gjennom heile 1964. I starten gir boka oss eit roleg og sjarmerande inntrykk av ein gjennomsnittleg gut frå Vestlandet. Men utover i boka går me djupare og djupare inn i hovudet på denne guten. Vi finn ein gut som filosoferer på livet sin meining, og vaksne foreldre som opplever ein stadig meir og meir komplisert kvardag, med samlivsproblem og eit uuthaldelig mas. Eit mistenkeleg dødsfall, ei nyinnflytta kristen sekt, og eit nytt skuleår fylt med nye elevar og vennar er bare noko av det me har i vente. Også var det jo den der kjærleiken da…

Gjennom boka får me ikkje veta mykje om korleis rollefigurane direkte ser ut, men me får heller ein indirekte beskriving. Rolf er 12 år, og bor saman med ein bror som er for intelligent for sit eiget beste, ei syster som til hans store glede snart skal flytte ut på hybel, ei mor som er på randen av nervøst samanbrot, og ein far som sel Biblar til langt utpå kveld, som oftast hos den same kvinnelege kunden… ”Prestesonen” er Rolf sin aller beste venn, og vandrar som oftast rundt på kyrkjegarden og filosoferer om døden og vonde ånder. Judith er ei ny jente i klassen og tilhøyrar ei streng og konservativ kristen sekt som ho stadig blir meir og meir rebelsk i. Ho og Rolf finn tonen allereie tidleg i boka, og kjærleiken blomstrar vidare mellom dei to gjennom heile romanen. Med skildringa av TV-sensasjonen som snart kjem til Noreg og lukta av oljegrus-belagde vegar, får ein eit innblikk i korleis livet var for 50 år sidan.

Sjølve boka er enkelt oppbygd, med kronologiske episodar etter kor langt inn i året me har kome. Boka i seg sjølv er grei å lese, med eit enkelt og morosamt, men samtidig kritisk og alvorleg, språk. Til tross for dette finnes det mange skjulte bodskap, som til tider kan vere vanskelige å forstå. Lesaren må filosofere litt sjølv for å leite fram meininga.

Dette er ei god bok å lese, men som til tider kan ha litt for lange skildringar. Eg har opplevd gonger ein rett og slett kan hoppe over fleire kapittel og likevel få med seg hendinga. Med langsam handling og lite spenning fann eg boka noko kjedeleg.

Av Helge Jensen

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar