mandag 3. mai 2010

Andvake – Vakkert og intenst

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

Andvake er forteljinga om det unge paret Asle og Alida. Asle er foreldrelaus og Alida er ei høggravid, uønska dotter, faren har ho ikkje sett sidan ho var tre. På grunn av disse omstendighetene vel dei å dra bort frå Dylgja, og prøva å skaffe seg ein stad å bo i Bjørgvin. Alt dei eig bær dei med seg i to byltar og ein handfull varme minner heimefrå er alt dei har tatt med seg frå Dylgja, og no skal dei starta eit nytt og betre liv i Bjørgvin.

Boka likner veldig på juleevangeliet, for i Bjørgvin er det ingen som vil gje Asle og Alida ein plass å bu. Dei vandrar rundt i Bjørgvins grå og regnfulle gater til langt på kveld og tilslutt må dei ty til nokså drastiske handlingar og val.

Andvake, tittelen på boka, betyr noko sånt som søvnløyseheit, og det er akkurat kva Asle og Alida går igjennom. Ei reise med lite søvn og vanskelige og umoralske val dei to må ta.

Boka er skrevet på eit vakkert men samtidig tunglest og ikkje akkurat eit kvardagsleg språk. Teksten eige ikkje punktum og man blir andpusten og sliten av å lese han, men samtidig vil ein ikkje legge frå seg boka. Gjennom dei omlag sytti sidene trekker man nesten ikkje pusten, og vi blir dratt inn i drømmane til Asle og Alida frå før dei møttes og til no, der dei går frå dør til dør. Dei prøver heile tia å overbevise kvarandre om at alt kommer til å gå bra, og sjølvom boka endar med eit nytt håp får ein ein fornemning om at framtida kjem til å bli like hard og vanskeleg som fortida.

Temaet i denne boken er kjærleik, og Jon Fosse har skreve ein rekke andre bøker med same tema, noe han er ein ekspert på. Han skriver så intenst og vakkert;

No har dei klart å koma seg til Bjørgvin og no skal deira liv byrja og han ser Alida reisa seg opp og ho står veldig der i framskuten og Asle kjenner at slik han er laga, så er ikkje han sjølv så viktig, det er det store svevet som er viktig, det har spelinga lært han, og det er vel spelemanns lagnad å vita slikt, og for han er det store svevet Alida.

Eg syns boka var fin, sjølvom den var tunglest og litt vanskelig i språket var det ein kjempefin forteljing. Lengden på boka, dei 70 sidane han varte, var akkurat passe, og den var absolutt ikkje for kort. Andvake er verkeleg verdt å få med seg, det er ein trist bok, men på same tid ein vakker skildring av to mennesker som elsker kverandre til døden , ein fantastisk blanding av kjærleik og død.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar