mandag 3. mai 2010

Få meg på for faen - Ikkje bare porno!

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

 
Boka ”Få meg på, for faen” er skreve av Olaug Nilssen og blei gitt ut av Det Norske Samlaget i 2005.
Olaug Nilssen er ein forfattar som skriver forskjellege tekstar og bøker. Ho begynte sin forfattarkarriere i 1998 med debutromanen ”Innestengt i udyr”. Ho har også skreve ei barnebok, ”Ronnys rumpe” i 2004. Ho har også skreve andre bøker.

Boka har to hovudpersonar; Maria og Alma.

Først kjem en inn i livet til Maria, som er ei tjueto år gamal jente som jobbar som vaskekjerring på universitetet. Ho har nokre tankar i hovudet sitt om at ho er kjent og at avisa alltid kjem for å intervjue henne. Ho går ofte og dagdrøymer om å ein gong få gjere noko meir enn bare å vaske. I tillegg går ho på skule, og er derfor ofte veldig stressa.

Ho likar ikkje jobben sin, ho likar heller ikkje sjefen sin. Ho er så frekk! Maria er bare ein vikar, så ho får dei verste jobbane av alle. Ho driver også på med å skrive eit føredrag om arbeidsplassen sin, som ho skal framføre for universitetet.

Den andre historia i boka handlar om Alma, ei jente som er veldig spesiell, og ho har ikkje vennar, så ho går alltid åleine. Ein kveld er ho på fest, og ho møter Artur som er ute. Han lukker opp smekken på buksa si, og tar pikken sin ut. Han nærmar seg Alma, og kjem borti henne på låret. Ho får panikk, og skrik: ”Han var nær meg med pikken! Det er heilt sant!”. Etter da veit alle at Alma verkeleg er gal, og dei har bevis nok. Alma gjør meir opprør, ho ringer til sex-telefon frå telefonen sin og onanerer og stønner på rommet sitt om kveldane. Mora merker dette, og snakkar med Alma.

Forfattaren har eit dristig språk som er ganske muntlig, ho brukar veldig mange tabu-ord. Siden ho veler dei orda og sjølve teksten som ho gjer, så merker eg at ho skrivar til ungdommar.

Språket kan også være ganske støtande i kapittelet om Alma og Artur. Eg synes at boka er mykje meir enn bare pornografi. Til og med det om Alma, eg meiner heller at det handlar om eit vanskeleg tenåringsliv og at ho har problem, men får ikkje den hjelpa ho treng. Dette er også eit tema som er viktig for samfunnet i dag. Folk med problemer merker en at sliter, og då må folk hjelpa til med at dei skal få det betre.

Hvis du liker rare historiar og har litt sær humor, så er kanskje dette boka for deg. Eg vil ikkje anbefale den hvis du ikkje klarer å setje deg inn i fleire historiar i ei bok. Hvis du blir veldig fort forvirra, er dette ikkje boka for deg!

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar