mandag 3. mai 2010

Verdas mest forelska par - Ei skuffande oppleving

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Verdas mest forelska par er skrive av Rune Belsvik. Boka blei gitt ut av J.W. Cappelens Forlag a.s i 2001. Rune Belsvik er ein norsk forfattar og dramatikar. Han blei født 14. april 1956. Belsvik har skrive ein del barnebøker, og debuterte med boka Ingen drittunge lenger i 1979 som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. Den mest kjente barneboka han har skrive er Dustefjerten. Belsvik skriv også romanar for vaksne.


Boka Verdas mest forelska par er ei kjærleikshistorie som tar lesaren med inn i tankane til to personar som er forelska. Boka er ei typisk bok skrive av Belsvik, da kjærleik ofte er tema i verka han skriv. Verdas mest forelska par tar deg med inn i kvardagen til to personar som er veldig glade i kvarandre, og det er mogleg for lesaren å kjenna seg igjen i mange av dei tankane og problema som oppstår. Dei forelska heitar Bidger og Esmiluni og bur i ei lita bygd, Bløygen. Med Bløygen har forfattaren skapt eit nytt univers som kanskje ligg ute i verda ein stad. Alle kjennar alle, og kvardagen går si gong utan at nokon eigentleg bryr seg. Lesaren blir godt informert om kjærleiken mellom dei to hovudpersonane i boka, og nokre gonger kan det bli litt for mykje av det gode. Eg likar ikkje at forfattaren gjentar seg sjølv gong etter gong. Lesaren får med seg poenget fyrste gongen, det er unødvendig med fleire repetisjonar. Språket i boka er prege av at det er ei barnebok.

Esmiluni og Bidger blir utfordra til å bli med i eit verdsmeisterskap i pludring og romantikk og dei tek utfordringa. Folka i Bløygen håpar på at Esmiluni og Bidger skal vinne konkurransen og kanskje vinne masse pengar. Om dei klarar det, blir det kanskje nok pengar til eit nytt rekkverk på brua og ei ny lyktestolpe i Bløygen. Heile Bløygen prøvar å gjere det beste slik at Esmiluni og Bidger skal vinne, og det byr på nokre utfordringar. Kjærleiken deira blir sett på prøve, men er den sterkare enn presset frå dei andre?

Spenninga stig når dei andre innbyggarane får store krav til det forelska paret og forventar at dei skal vinne. Det er også ein person som prøver å øydeleggje for Bidger og Esmiluni, men eg tykjar ikkje forfattaren klarar å framstille han som den store, stygge ulven, fordi spenninga druknar litt i alle beskrivingane i boka. Belsvik beskriv alle situasjonane grundig, men eg tykjar det ikkje er nødvendig. Det blir ganske mykje informasjon som gjer boka lang og veldig keisam. Enkelte plassar fristar det å hoppe over nokre linjer for ikkje å gløyme sjølve handlinga. Det er også mange ord forfattaren har funne opp for å uttrykkje kjærleiken mellom Bidger og Esmiluni. Handlinga i boka er urealistisk til tider. Det er nok ei fin bok for born, sjølv om eg trur det kan bli for mange beskrivingar for dei også. Språket i boka er veldig barnevennlig og enkelt.

Elenv i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar