mandag 3. mai 2010

Rebell - Vandrende av Øglænd

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE

Romanen ¨Rebell¨ er skriven av Finn Øglænd som blei utgitt av Det Norske Samlaget i 2003. Øglænd blei født 7. oktober 1957 voks opp i Tananger i Stavanger. Han er ein norsk forfattar først og fremst, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Han debuterte med si første bok i 1983 med diktsamlinga ¨Det opplyste landskapet.¨ Han har fått tildelt mange litterære priser, for ein ungdomsbok han har skrive ¨De penaste jentene på TV.¨ Han er kjend for å skrive ungdomsbøker og Rebell er også ein :ungdomsbok. Boka tek opp aktuelle tema som mange ungdommar kjennar seg igjen i, og desse tema er også gjennomgåande i fleire av hans andre bøker.


Boka handlar om guten Alex som er 15 år gammel og kjem frå Stavanger. Alex bur saman med mora si, og kjennar ikkje faren sin. Det einaste kjennskapen han har igjen etter faren er nokre gamle bilete og LP.'er. Han føler seg ikkje heime der han bur, og han meiner sjølv han er ein rebell. På skolen går det veldig dårleg for Alex, både skolemessig og sosialt. Han seier sjølv at han trur alle ser på han som ein tapar, og han blir etterhvert utruleg desperat etter jenter. På Msn så blir han kjend med ei jente som heiter Julia, og ho er like desperat som Alex og dei har ganske mye til felles. Men på skolen hans, så er det ei jente han liker som heiter Silje som han pleier å skrive leksene sine av. Alex har mykje aggresjon stengt inne, og han hatar alt som kryr og kryp rundt han. Ein dag så bestemmer han og Julia seg for at Julia skal komme til Stavanger og dei skal rømme saman. Men undervegs og ganske tidleg, så finnar han ut at han alltid har elska Silje. Reisa går ut på å finne seg sjølv og finne ein stad med tilhørsel og han møter på mange problem som vil fengje han seinare.

Eg meiner at det sentrale temaet i boka er å tilpasse seg miljøet.



Boka har omlag 135 lett las sider og eg meiner at den er ein heilt middelsmåleg ungdomsbok. Det som fanget interessa mi ved boka var tittelen, og i det med at var om ungdommar, som kunne gjere det enda meir engasjerande for meg. Vonbrottet låg der likevel, eg sakna litt meir den håplause og klisjéen kjærleiken, som er ein stor del av ungdomstida. Men historia og detaljane var heilt OK, litt for mange unødvendige detaljar som ikkje spelar ei så stor rolle. Boka passar for ungdom på ca. 13-16 år. Men tross i alt, er Rebell ein veldig enkel og lett lest bok.

Kristine Aune Berntsen
Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar